Lom bryggeri
Tradisjonsbrygg frå Lom
  • Våre øl
    • LJOST
    • MOR ÅSE
    • MJØDURT
    • SKJAAK
    • SKEI
    • BJØRK
    • HØGRUTA
    • VAGLE
    • DØL
    • 4-KORN
    • EINE
    • FJELLKVANN
    • JO GJENDE
    • PEER GYNT
    • 2469
    • RAUDT
    • MYRT
    • VINTERNATT
      • Ølakademiet sin juleøltest 2017
    • FEST
    • (LOMB NR. 1)
    • (RØYK)
    • (KRÆMAR)
  • Ølsmaking og historie
    • Bryggeriutsalg
    • Bryggeripuben
      • FolkPort
  • Ingrediensar
  • Tradisjon
  • Lomb
  • Siste nytt
    • Lom bryggeri Midt i matfatet
  • Kontakt
  • Lom bryggeri
DSC_5355
13 juni 2022

-Her skal det bli jungel. Oppslag GD 4/6 2022

Øl-bryggjar Ola måtte på bygda for å finne drivhus til humla si: – Her skal det bli jungel

Av Helene Hovden  GD 4/6 2022

I fjor voks drivhuset bokstavleg talt ned av viljug humle. Dei siste åra har bryggeriet tatt eit langt steg i retning av å bli «sjølvberga» på lokale råvarer.

Bryggerieventyret i Lom har heilt sidan starten hatt ein filosofi om at dei så langt det er mogleg skal hente og produsere ingrediensane i ølet lokalt.
Slik blir det ei og anna morosam historie av.
– Eg er nok den einaste i verda som lager hesj av fjellkvann, humrar Ola Gjeilo.
– Det er ei frykteleg plante å drive med. Du flekkjer den nesten som rabarbra og blir aldeles raudflamma på armane. Vikingane hadde den med seg når dei var ute på tokt og brukte den på sår.

Olav Grjotheim og Ola Gjeilo etablerte Lom bryggeri i 2016. Foto: Helene Hovden


Bjørkeskot og krekling

Han er urteansvarleg i Lom bryggeri og den som må ut og hauste av naturens spiskammers. Sjølv om innhaustinga kan verke spennande nok, har Gjeilo full kontroll på kva som blir putta i ølet.

Når trea begynner å få grønskjær om våren er Gjeilo ute og speidar etter bjørkeskot, og når hausten kjem er det bærbøtta som må fram.
I fjor kunne Gjeilo nær sagt plukke krekling i blinde. Slik er det ikkje kvart år.

– Dei var store som pærer
Så er det humle da. Både humle, og malt, har dei opphavleg importert frå små økologiske leverandørar i Tyskland.
I fjor hadde dei eit prøveprosjekt på humle som bokstavleg talt vaks opp gjennom taket.
Bryggeri- gutane fekk vatn på mølla, så i år har dei lånt seg eit stort drivhus på garden Vaagaasar.

Humla som veks her har ei spesiell historie.
– Vi har stelt og hausta av ei gamal humlestamme frå Graffershaugen, barndomsheimen til mor mi i Vårdalen. I fjor sette vi avleggjarar av denne i drivhus og fekk eit svært godt resultat med humlekongler store som pærer. I år har vi planta stiklingar i drivhuset på Vaagaasar, og har stor tru på å auke produksjonen monaleg.

Her i Graffershaugen veks humlestamma den dag i dag. Mor til Ola, Thea Gjeilo, er den yngste jenta på dette bilde. – Mor hugsar at humla vaks i stueveggen da ho var lita jente, seier Ola Gjeilo. Foto: Privat

Dei to ølsortane der dei bruker lokal humle i dag, er brygga «berre» på malt frå bygg som Tore Rune Kummen dyrkar i Skjåk.
Også her satsar dei på å auke produksjonen slik at dei på sikt kan bruke lokalt malt som delingrediens i fleire av ølsortane sine.

Lokal identitet
– Ein vesentleg suksessfaktor, kallar kompanjong Olav Grjotheim konseptet om lokal forankring.
– Mykje av tilbakemeldingane går på at vi bruker mykje tid og energi for å få tak i desse spesielle ingrediensane. Det er ikkje mange som gjer det, veit du.
Gjeilo nikkar samd.
– Vi har heile tida vore fast bestemte på at vi skal ha ein så lokal identitet på ølet vårt som mogleg. Det vere seg namn, ingrediensar og logo.

Selde juleøl i august
Dei siste åra har bryggeriet stanga hovudet i taket når det kjem til produksjon. Å vere tomme for øl når augustmånad kjem er nitrist.
– For to år sidan begynte vi å selje juleøl i august. Det var det einaste vi hadde, fortel Gjeilo.
I fjor nådde dei magiske 100.000 liter.
– I år meiner optimisten Grjotheim at vi når 130.000 liter, seier Gjeilo. Sjølv trur han det kanskje blir noko mindre.

Blir tre gonger så stort
Åkkesom, det er trongt om plassen. Enn så lenge.
I vår starta huseigar Håvard Grjotheim grunnarbeidet på det som skal bli den nye bryggerifløya. Dette skal huse eit komplett bryggeri som er tre gonger så stort som det dei har i dag. I tillegg blir det stort kjølelager i kjellaren.
– Vi klarer ikkje å produsere nok øl. Det er så mange kundegrupper vi ikkje har vore borti enda. Det vi gjer nå er å legge til rette slik at vi kan nå ut til eit mykje breiare spekter, seier Grjotheim.
Gjeilo tenkjer enda lengre fram.
– Det blir viktig for oss to nå å bruke tida framover på å utvikle ei bedrift som ikkje er avhengig av vår kunnskap og eigenskapar. Vi skal sjøsetja eit «bryggeriskip» som flyt av seg sjølv.
– Det inneber at fleire må tileigne seg kunnskapen om urter?
– Det gjer det, smiler Gjeilo lurt.

Slik ser planta ut om sommaren når den er på sitt flottaste. Det er ikkje uvanleg at den blir 8-10 meter høg. Foto: Privat

 

 

Skjermbilde 2022-01-19 kl. 11.09.13
19 januar 2022

Oppslag i GD 17/1 22

Av Helene Hovden 17.01.22

SJÅ OPPSLAG I GD
Dei har aldri produsert så mykje som dei gjorde i fjor. Likevel greier dei ikkje å lage nok øl til folket. Det håpar dei det blir slutt på nå. – Det er motiverande når problema går på den kanten, seier medeigar i Lom bryggeri, Ola Gjeilo. 2021 skreiv seg inn i historiebøkene som det beste året i bryggeriets historie. 2021 vart også året da bryggeriet voks seg ut av lokala.

– Produserer for lite øl
Eit komplett anlegg, tre gonger så stort som det dei har i dag, ligg på lagring. Målet er at det skal takast i bruk i løpet av 2022. – I fleire år har vi ikkje greidd å produsere nok øl. Det er gjæringskapasiteten vår som har vore for knapp. Fortvila veit du, seier Gjeilo. Det til trass for at dei nesten har dobla kapasiteten frå starten i 2016. Likevel slit dei med å levere det marknaden spør etter. Spesielt om sommaren er dei på hælane. Der trivst dei ikkje. Aller helst vil dei vere fremst i skoa, Gjeilo og kompanjong Olav Grjotheim.

Køyrde det til Lom
Da dei på haustkanten i fjor fekk nyss om eit bryggeri i Oslo som skulle selja relativt nytt utstyr, slo dei til. Men, dei fekk seg ei lita overrasking da dei såg kor stort det var. – Det er om lag tre gonger så stort som det vi har i dag. Med på lastebilane til Lom vart eit brygghus på om lag 2.500 liter og 10 gjæringstankar. For å få plass til det nye anlegget må det byggjast på. Det ombygde fjøset og låven i Grjotheim har vorte for lite. – Det er planer om eit påbygg på 200 kvadratmeter. Da får vi plass til komplette anlegg som kan køyrast kvar for seg, seier Gjeilo. Det er Håvard Grjotheim som eig bygningsmassa og Lom bryggeri leiger lokala. Slik skal det også vere i framtida.

Stor kapasitet
I dag bryggjar dei om lag 1.000 liter om gongen og har ein lagringskapasitet på 19.000 liter. Når det nye anlegget står klart vil dei kunne bryggje mellom 2.500 og 3.000 liter, i tillegg til det gamle. Samla gjæringskapasitet blir da på om lag 60.000 liter. Gjeilo fortel at dei har eit mål om å kunne setja anlegget i drift iløpet av 2022. – Eg er spent. Vi ser ikkje for oss full drift av nyanlegget umiddelbart. For å kunne handtere dette må vi også byggje ein heilt ny organisasjon som er tilpassa dette nivået.

– Må halde att
I dag har bedrifta fem tilsette, dei fleste i deltid. Gjeilo utelukker ikkje at satsinga vil føre til at dei treng fleire i arbeid, men det er slik dei vil ta etter kvart. Nå er det fullt fokus på å produsere alt dei kan i eksisterande lokale. Dei har alt begynt å tenkje på sommaren. – Vi er uroa for at det skal bli for knapt i år og. Hittil i januar har vi bryggja 7.000 liter. Vi ser mange marknader som vi ikkje har vore borti enda, nettopp fordi vi må halde att. Samstundes får vi mange fine tilbakemeldingar. Det er nesten rørande kor mykje positivt ein høyrer. Det gjev oss ein veldig drivkraft.

Bryggjar John Are Grjotheim har nok å gjere. Iløpet av 2022 skal det byggjast på for å få plass til nytt anlegg.

 

 

20210120_151350kopi
21 januar 2021

Lom bryggeri utvidar

Ytterlegare to nye tankar skal på plass i bryggeriet.

For å kunne produsere nok øl, blir det i desse dagar sett på plass ytterlegare to tankar i Lom bryggeri i Grjotheim.

I 2015/16 vart det installert ti tankar, kvar på 1.000 liter. I 2019 kom det på plass to tankar til, kvar på 2.000 liter. Dette synte seg å heller ikkje vera nok.

Oppslag Fjuken 20/1 2021

Den eine av dei nye tankane har Lom bryggeri allereie reist opp, men den største må det til meir arbeid med. Det må setjast opp eit stort stillas og det blir brukt taljer frå taket til å reise opp tankane. I tillegg må delar av tappeanlegget demonterast.

– Det er små marginar, men vi har trua på at det skal bli plass til til den siste tanken òg, seier Håvard Grjotheim.

Den siste tanken vil romme 3.000 liter øl og har ei vekt på rundt eit tonn, inkludert ramma tanken er sendt til Lom på. For å få tankane opp i sjølve bryggeriet, har dei hatt hjelp av Håvard Kveum i Reidar Andersbakken AS med hjullastar.

Ola Gjeilo konkluderer med at produksjonskapasiteten i bryggeriet nærast er dobla sidan starten i 2016. – Vi stangar hovudet i taket når det gjeld kapasiteten. Frå å ha levert om lag 50.000 liter øl dei tre førre åra, vart det eit hopp til om lag 75.000 liter i 2020. Utfordringa vår ligg i å kunne opparbeide oss nok øl på lager inn mot sommarsesongane. Dette vi gjer nå, vonar vi skal vera det som skal til for at vi skal greie å produsere nok øl. Oppe i sjølve bryggeriet er det ikkje plass til fleire tankar nå, seier Gjeilo, som fortel at dei samla kostnadene på denne siste investeringa ligg på om lag 375.000 kroner.

IMG_5484
14 desember 2020

Ikkje sterkøl til jul

Årets Vinternatt 6,5% vil desverre ikkje bli ferdig for tapping før jul. Vi har bryggja 85 brygg i år. Dette skulle det ikkje gå etter planen med. Ølet har stått til gjæring i fire månader nå, men er altså ikkje klart til tapping.

image0
23 november 2020

Fleire gjæringstankar

Etter ei lang reise gjennom Middelhavet og på kryss og tvers mellom forskjellige europeiske hamner, har vi endeleg fått inn på tunet dei to nye gjæringstankane våre. Vi starta opp med 10000 liters kapasitet i 2015/2016, utvida med 4000 liter i 18/19 og får nå ytterlegare 5000 liter å la gjæren jobbe på. Vi vonar dette skal vere med å gjere det mogleg å få fyllt opp att lageret vårt.

IMG_0739.HEIC
26 mars 2020

Tappeanlegg til salgs

Vi selger tappeanlegget som vi starta opp med i bryggeriet vårt i 2015. Dette er eit IC Filling frå Italia med dobbelt kapselsystem.  Model COMPACTBLOCK 6/6/1. Anlegget er brukt i ca tre år og vi har hatt gjennom ca 120 000 liter / 240 000 flasker med anlegget i løpet av desse åra. Sidan årsskiftet 2018/2019 har anlegget stått lagra på ein god måte. Tadas Kanopka (nå i Angeltvedt Consulting AS) var forhandlar for dette tappeanlegget og kan bistå ved igangkjøring.  Anlegget kan inspiserast i bryggeriet vårt i Grjotheim i Lom.

2x26mm crown capper, full auto controll of evacuation, purging, filling. Made for 50cl standards but easy to change format to any size bottle. Filling speed for beer 600b/h.

Pris nytt anlegg 2015: EU  35 000   Sjå ny modell av anlegg på IC Fillingssystem sine sider.  Ta kontakt for meir info. post@lomb.no / Olav 95844455

framside jehans
10 februar 2020

48 timar i Lom

Norges største og mest leste matmagasin Mat fra Norge hadde eit flott oppslag i januarutgåva i år om Lom. Med tittelen 48 timer i Lom skriv dei: Det handler om matglede i fjellheimen når vi tar den kulinariske tempen på nasjonalparklandsbyen Lom.  Vi i Lom bryggeri er stolt av å vere ein del av dette. Det er mange ressursar å hente inspirasjon frå.  Sjå heile oppslaget her…

 

Er det ikke fint? Akkurat i det du er ferdig med å lese fjorårets siste utgave av Mat fra Norge er vi i ferd med å sende…

Publisert av Mat fra Norge Torsdag 9. januar 2020

IMG_3827
31 juli 2019

GD-oppslag

«Alle» vil ha øl fra Lom: – Juli har vært voldsom altså +

Av Einar Almehagen
Publisert: 31. juli 2019, kl. 16:43
Lom Bryggeri klarer ikke å levere nok til øltørste kunder. Nå er de tomme for flere sorter

Egentlig er det en gladnyhet, men medeier Ola Gjeilo er likevel småsvett der han står blant sekker med lokalt korn. Folk får ikke øl. Det er ingen ideell situasjon for et bryggeri.
– Vi har 8.000 nye liter på tank nå som vi skal tappe så fort som mulig. Denne sommeren har vært helt enorm, derfor har vi ikke klart å holde tritt. Vi jobber på spreng, sier han.

Ikke så ekstremt
Lom Bryggeri ble startet i 2016. Eierne Olav Grjotheim og Gjeilo merket stor etterspørsel etter lokalt øl i forbindelse med oppstarten av «Smak i Lom» to år tidligere. Men hvorfor hente øl fra andre steder i Norge når de like godt kunne lage det selv?
– Vi ansatte en tysk brygger som var i bygda – og gikk i gang. Selv hadde jeg drevet litt med hobbybrygging før. Ballen begynte å rulle, forteller Gjeilo.

Responsen var strålende. Kapasiteten ble utvidet, nytt tappeanlegg kom på plass. De to siste årene har de klart å produsere 50.000 liter i året. I år når de kanskje 75.000 liter.
– Hva er hemmeligheten?
– Vi brygger et øl som ikke er så ekstremt – og som en stor del av befolkningen liker. Ja, selv de som sier at de ikke liker øl. Det er et snittøl uten for mye humle. Vi regnet med at lokalt reiseliv og lokale forretninger ville prøve det, men ante ikke at responsen kom til å bli så bra. Det var full oppslutning, sier Gjeilo. Den tyske bryggeren flyttet til Sørlandet, men produsentene i Lom fant en erstatning i Thomas Berg fra Otta. Han har nå fått fullt ansvar for bryggeprosessen. Renhold, temperatur og en møysommelig gjæringsprosess er det viktigste å ha kontroll på. Hvis ikke går det fort galt.
– Det tåler ikke mye slingringsmonn, nei, konstaterer Berg.

Tar lang tid
Bryggeriet har nå 11 sorter på markedet. Alt er lagerøl. Det kanskje også noe av forklaringen på hvorfor de ikke har klart å levere nok i sommer. Lagerøl tar lang tid å lage. Det må godgjøre seg i 6–7 uker før det kan tappes. En ale-sort trenger bare halvparten så lang tid.
– Vi er vel omtrent de eneste av de små bryggeriene som produserer bare lagerøl. Vi når en milepæl nå da; øl basert på malt fra lokalt korn. Vi har 4.000 kg med korn som skal i produksjon nå. Det blir rundt 25.000 liter med øl. Vi er spent på den. Mye av hensikten med dette her er å lage det så lokalt som mulig. Vi bruker lokale urter også. Mjødurt og eine, blant annet. Det nyeste ølet vårt nå, Jo Gjende, smaker det lyng av, sier Gjeilo.
– Blir det penger av dette da?

– Vi er fornøyde. I 2017 gikk vi 920.000 i pluss, men det var mye på grunn av tilskudd fra Innovasjon Norge. I fjor viste tallene 64.000 i pluss.
– Noe mål om å bli virkelig store?
– Nei, det er grenser for hvor mye vi kan produsere. Kinn Bryggeri i Florø er en nestor innen denne type bryggeri – og gjør det veldig bra. Vi følger litt med dem. En kapasitet på 75.000-100.000 liter i året er nok maks for oss, sier han.
Lom Bryggeri leverer til lokalt reiseliv og forretninger – og har utvidet området noe i sommer, mot Rondane og Gålå.
I dalen finnes også tre andre velkjente produsenter; Hubertus på Dovre, Doblougs på Frya og Bryggeri 7null4 AS i Gausdal.

Ølet renner bokstavelig talt ut til kundene fra Lom Bryggeri i sommer. Nå er de tomme for flere sorter. Ola Gjeilo (t.v) og ansatt Thomas Berg har imidlertid 8.000 liter stående på tank som de skal tappe så fort som mulig. Foto: Einar Almehagen
En milepæl blir det når bryggeriet tar i bruk korn fra Lom i produksjonen. 4.000 kg står klart. Foto: Einar Almehagen
Etterspørselen etter lokalt øl ha vært enorn i Lom i år. Foto: Einar Almehagen

 

20170511-_OVE3273-til nett2
23 mai 2019

Omvisning med ølsmaking

Omvisning og ølsmaking Lom bryggeri:
Guiding and beer tasting Lom brewery:

Vi tek vi imot grupper på bestilling til omvisning og smaking i bryggeriet.  Høyr om historien bak Lomb og Lom bryggeri, gode historier relatert til øl og til bygda vår. Vi stiller gjerne også opp på smaking med informasjon på hotell eller serveringsstader ellers. Ta kontakt for avtale.

Hear the story behind Lomb and Lom brewery, good stories related to beer and the area.

Tlf. Olav 958 44 455

1811-juleoltest-handverksol-butikkstyrke
5 desember 2018

Ny terningkast 5

Håndverksbryggerier butikk – juleøltest 2018

1 2 3

Kontakt Olav på tlf. 958 44 455
Kontakt Ola på tlf. 971 69557
Kontakt epost: post@lomb.no

Leveringsadresse/henteadresse:
Liavegen 367, Lom.
Postadresse:
Sognefjellsvegen 3,
2686 Lom.
Lom bryggeri
  • Facebook
  • Instagram
  • Untappd
Utviklet av Visus i samarbeid med daLom AS logo