Lom bryggeri produserer øl under merkevara Lomb. Vi bryggjar lagerøl, som i størst mogleg grad skal ha lokal tilknytning enten det gjeld bruk av råvarer, historie eller geografi. Lom bryggeri har produksjonslokale i det som tidlegare var låven på driftsbygninga i Grjotheim i Lom.
Lom brewery brews beer under the brand LOMB. We are brewing «only» lager, and want to have as much local in our beers as possible, whether it is ingredients, history or geography. Lom brewery is situated in what used to be the barn at the farm Grjotheim in Lom.
Lokalt brygg frå Lom bryggeri er smakssetjar i ein fargerik og smakfull rett – som du som kan teste ut heime. Arne Brimi deler oppskrifta si med deg! Ja, for det er sjølvaste Arne som står bak grytene i vår nye mini-serie om matkulturen i Jotunheimen, som vi er stolte av å presentere! I Fjellsmaken får du innsikt i heile verdikjeda frå lokal jord til lokale bord. Programleiar Mari Arnøygard Wedum i Visit Jotunheimen er ute i felt for å lære mest mogleg om lokale råvarer, og tek desse med til meisterkokk Arne Brimi – som tilbereder ein rett der den enkelte råvara får spele hovudrolla. Vi vonar du vil vere med oss på ei lærerik og smakfull oppleving – i jakta på den ekte smaken av fjell; fjellsmaken. I denne episoda er vi på råvaresanking av humle og bygg frå Skjåk – og gir deg eit innblikk i korleis øl-produksjonen går føre seg på Lom bryggeri. Arne Brimi nyttar så det ferdige brygget som smaksetjar i ein fargerik rett basert på lokale grønsaker frå Aukrust Gard og Urteri, og svineside frå Grjotheim gardsmat.
Pr. i dag har Lom bryggeri distribusjon av mange av ølsortane våre via ASKO og dei fleste sortane via nokre av GODT LOKALT sine avdelingar mellom anna GODT LOKALT Spesialgrossisten innlandet. I tillegg har Gudbrandsdalsmat inne fleire av sortane våre på lager. Vi leverer også til dei aller fleste Gulatingbutikkane. I tillegg til dette distribuerer vi direkte til ei rekkje butikkar og serveringsstader, fyrst og fremst på Austlandet. COOP får våre produkt via GODT LOKALT eller ved direkte levering frå bryggeriet. Sjå våre produkt på lokalmat.no Våre sterkølsortar er nå inne i TilleggsUtvalget til Vinmonopolet og tilgjengeleg der. Vi har samarbeidsavtale med TINE og Gudbrandsdal frakt for forsending rundt omkring i heile landet. Vi arbeider kontinuerleg med utviding av sortiment tilgjengeleg via grossistledda både når det gjeld ølsortar og produkttypar. DISTRIBUSJON OG SALG
Samarbeidsprosjektet om humledyrking vi har hatt med NIBIO er nå avslutta og rapporten er klar. Heilt frå starten av har vi vore opptekne av å bringe så mykje lokalt som mogleg inn i ølet vårt. Vi har funne fram til fleire urter og bær med tradisjonar i ølbrygging lokalt og tilsett dette til ølet. Dei tradisjonelle råvarene som bygg og humle har vi også arbeidd mykje med. Humlen er eigentleg eit lite typisk vekste i vår del av Europa. Ei humlestamme som vi har kjelder på har funnest i den same austvendte veggen i alle fall i 100 år har vi tilrettelagt for betre vekst. Vi har kultivert på opprinneleg område og fløtt røter både til andre uteområder og til drivhus. Når vi fekk tilgang til eit større drivhus i Lom som ikkje er i bruk, var det naturleg for oss å søkje bistand for å kunne oppnå eit best mogleg utbytte. Vi brukar nå lokal humle som aromahumle til våre mest lokale ølsortar DØL og SKJAAK. Les meir om prosjektet her…
Lom bryggeri produsere øl under merkevara Lomb. Vi forsøker å få til eit mest mogleg lokalt preg på våre ølsortar både når det gjeld innhald, namn og profil. Vi produserer «berre» lagerøl av forskjellige variantar.
SJÅ VÅRE ØLSORTAR
All our beers are lager, fermented on low temperature unlike ale, which is fermented at a much higher temperature and much faster to brew. As far as possible, we use local ingredients. Herbs and berries are picked in the area. The malt in DØL and SKJAAK is made of malt of barley from Kummen in our nabours community Skjåk. All of our beers contain relatively little amount of hop.Download overview all our kind of beer
Sjå nyheitsarkivet vårt som vi forsøker å halde oppdatert. SISTE NYTT