I samarbeid med aktivitetsbedriftene og serverings- og overnattingsbedriftene tilbyr Grjotheim gard uformelle og avstressande opphald som styrkar samhald og trivsel. Vi ynskjer alle å ha det trivleg og sosialt i det daglege, både på arbeid og i fritida. Vi kan tilby heilt uformelle og sosiale opphald ispedt natur- og kulturopplevingar. Dette  kombinert med med matopplevingar etter eige ynskje. Ta med kollegaene på jobben, lagmedlemmene eller venner og bekjente og tilbring ein eller fleire dagar saman her i Lom.

Ein av ingrediensane i opphaldet vil vere visning av bryggeriet og ølsmaking med historieforteljing i bryggeripuben. I tillegg til smak av produkt frå kjøttproduksjonen av utegris, delvis fôra på mesk frå bryggeriet og restar frå Bakeriet i Lom.

Vi formidlar alle aktivitetar, overnatting, måltid og eventuelle transport under opphaldet.

Grjotheim gard, Ogro
Olav Grjotheim, tlf. 958 44 455