Måtte ta eit val
Frå 10.000 til 65.000 liter på sju år: – Vi hadde ikkje nok kapasitet og måtte ta eit val
Det ombygde fjøset i Grjotheim vart rett og slett for lite på grunn av aukande etterspurnad. Nå står eit nytt tilbygg ferdig – og gjæringskapasiteten til Lom bryggeri er auka med heile 45.000 liter.
Tom Erik Solstad 99 45 95 54
Innlegg i Fjuken 14/6 2023
I 2016 var kapasiteten i Lom bryggeri 10.000 liter. To år seinare vart kapasiteten utvida med 5.000 liter. To år etter det att, altså i 2020, vart kapasiteten auka til 21.000 liter.
Måtte utvide
Dei siste tre åra har det vesle bryggeriet i Grjotheim stanga hovudet i taket når det gjeld kapasitet, men nå har dette ordna seg. Nyleg vart nemleg gjæringskapasiteten i Lom bryggeri auka til heile 65.000 liter, takka vere eit tilbygg på 200 kvadratmeter.
– Vi var komne til eit punkt der vi ikkje greidde å koma lenger utan å utvide. Vi hadde ikkje att nok kapasitet og måtte si nei til slutt. Dessutan hadde vi ikkje plass til å bryggje øl med høgare alkoholinnhald til Vinmonopolet og servering. Da måtte vi ta eit val, og da valde vi å satse for fullt og utvide ytterlegare for å vera rusta for framtida. Så får vi berre håpe på at etterspurnaden held fram, seier John Are Grjotheim, som nå har vore fulltidsbryggjar i 2–3 år. Han har vore med på å bygge opp anlegget frå starten av, og har vore involvert i alle delar av produksjonen.
Men det er fleire personar som er involvert i Lom bryggeri: Jo Jordet starta i lære i bryggeriet august 2021 og bryggjer nå på heiltid saman med John Are. Rolv Gjeilo starta i bryggeriet på heiltid ved påskeleite og arbeider med administrasjon, sal, logistikk og elles det meste av arbeidsoppgåver på bryggeriet. Olav Grjotheim tek seg av sal og kundekontakt. I tillegg er han i full sving når det gjeld gris, bryggeributikk- og pub og ølsmakingar. Ola Gjeilo tek seg av vedlikehald av det grafiske i samarbeid med Synne Gjeilo, og er svært delaktig i utviklinga av dei ulike ølsortane. Ola skaffar til veges alt som skal til av lokale ingredienser. Håvard Grjotheim er huseigar og står ansvarleg for bygningsmassen. I tillegg tek han seg av mykje av tappearbeidet i bryggeriet. Han har også vore involvert i mykje av oppbygginga.
Stor etterspurnad
Sidan Lom bryggeri starta opp i 2016, har det gått berre oppover. Produkta til det vesle bryggeriet er svært etterspurde, og sortimentet blir stadig breiare.
John Are fortel at Lom bryggeri både i 2021 og 2022 leverte i underkant av 100.000 liter øl. Nå står eit tilbygg i to høgder ferdig i Grjotheim – eit tilbygg som rett og slett husar eit bryggeri til, og som vil auke kapasiteten med om lag 45.000 liter.
Til saman har Lom bryggeri nå 360 kvadratmeter med produksjonslokale, der nylokalet er 200 kvadratmeter stort. Eit nytt brygghus og ti fermenteringstankar – eller gjæringstankar – som kvar rommar 4.500 liter, er blant det tilbygget inneheld.
– Til saman har vi nå 23 tankar i anlegget vårt, seier John Are Grjotheim.
Det har vore ei lang byggjeperiode i Grjotheim. Når det gjeld montering av dei mange hundre delane i sjølve bryggeriet, har drivarane gjort det aller meste sjølv.
Ei betydeleg investering
– Kor stor investering er dette for Lom bryggeri?
– Denne siste investeringa var vi svært heldige med. Vi kjøpte alt utstyret etter eit oppbod i Oslo, og fekk faktisk eit heilt rått bryggeri til ein rimeleg penge. Vi har også vore heldige å få hjelp av Innovasjon Norge med dette. Det er sjølvsagt likevel ei betydeleg investering, det er vel det eg kan si, smilar John Are Grjotheim, og legg til:
– Vi har heile tida vore bestemte på at investeringane våre ikkje skal gå på bekostning av kvalitet og produkt, og det står vi fortsatt inne for. Den investeringa vi nå har gjort gjer at vi er enda betre rusta for framtid og etterspurnad. Utvidinga gjer også at vi kan eksperimentere ein del meir med ulike typar øl. Dersom alt går etter planen og vi greier å auke salet slik vi har sett for oss, vil kostnadene per liter produsert øl bli tilsvarande redusert.
Lom bryggeri sel produkta sine til butikkar, serveringsstader og hotell rundt om i heile regionen. Bryggeriet har også mange kundar utanfor regionen, og får stadig førespurnader om å levere øl til både festivalar og andre arrangement. Mellom anna har dei laga «Kappleikøl» på bestilling til sommarens Landskappleik i Lom.
Rolv Gjeilo legg til at det nyleg vart sett i gang med distribusjon via Norgesgruppen og ASKO. – Dette er noko vi har vore klar over ei god stund og hatt med som ein del av planlegginga. Vi har i dag 6-7 sortar inne på ASKO, noko som gjer at vi når ut til langt fleire butikkar med ein distribusjon som er mykje enklare enn når vi sjølve må stå for utkøyringa. Vi har dessutan nå på plass alt det formelle for å kunne få ut dei to sortane vi har laga sterkøl av til Vinmonopolet sine butikkar. Det er også noko vi ser veldig fram til, avsluttar Gjeilo.