Lom bryggeri
Tradisjonsbrygg frå Lom
  • Våre øl
    • LJOST
    • MOR ÅSE
    • MJØDURT
    • SKJAAK
    • SKEI
    • KVEITE
    • BJØRK
    • HØGRUTA
    • VAGLE
    • DØL
    • 4-KORN
    • EINE
    • FJELLKVANN
    • JO GJENDE
    • PEER GYNT
    • 2469
    • RAUDT
    • MYRT
    • VINTERNATT
    • FEST
    • LJOST 6,5 %
    • FEST 6,5 %
    • VINTERNATT 6,5%
    • Distribusjon av ølet vårt
  • Distribusjon
  • Ingrediensar
  • Tradisjon
  • Lom bryggeri
  • LOMB
  • Siste nytt
  • Nettverksbygging
  • Pub
  • Utsalg
  • Ølsmaking
  • Kontakt
1478507264330
7 november 2016

Får att båsen sin på ein øltank

GD / Ketil Sandviken 07. november 2016:
Det skal syne at det har vore gardsdrift med mjølkeproduksjon i det nye bryggeriet på Grjotheim.

Kunamn: Olav Grjotheim skal feste skilt med gamle kunamn på kvar einaste tank i bryggeriet på garden.
Kunamn: Olav Grjotheim skal feste skilt med gamle kunamn på kvar einaste tank i bryggeriet på garden. (Foto: Ketil Sandviken)

– Eg synest det er litt viktig å ha med seg at dette har vore eit tradisjonelt gardsbruk med mjølkeproduksjon, seier Olav Grjotheim.

Allergisjokk

Allergisjokk i 1989 gjorde at han etter kvart måtte gje opp kustellet i 1992. I mellomtida hadde han og Jon Gjeilo starta butikken Fjell og Fritid i 1990, og i 1993 tok Reidar Marstein i bruk driftsbygningen til møbelproduksjon. Da Dølamøbler etter ti år ga seg i 2013 vart det stillstand eit par år til sonen Håvard Grjotheim kjøpte att hus og tun.

1. juni 2015 begynte utryddinga i låven og halvtanna år seinare er det klart for ølproduksjon.

5000 timar dugnad

– Vi har fått så mykje hjelp av familie og venner. Det har vore så mykje dugnad at det er heilt utruleg, heile fem tusen timar utanom snikkar og lønna arbeidskraft.

Grjotheim førtel at øltankane i låven er plassert rett over der kubåsane var i fjøset, og til minne om tidlegare mjølkeproduksjon skal dei namnsetjast etter kyr på garden: Staslin, Litago, Rosa…

Gnr 78, brnr 3

– Eg har også planer om å lage ei søyle i bryggeriet der det går fram at dette er gardsnummer 78, bruksnummer 3 og produksjonsnummer 328, fortel Grjotheim.

Det blir lagt opp til at grupper kan koma og sjå på korleis brygginga av Lomb-ølet foregår.

Håvard Grjotheim har planer om ein ekstra etasje med pøbb og serveringslokale over bryggeriet. Det er tillaga inngangsdører.
Håvard Grjotheim har planer om ein ekstra etasje med pøbb og serveringslokale over bryggeriet. Det er tillaga inngangsdører. (Foto: Ketil Sandviken)
Olav Grjotheim er snart klar til å tappe det første eigenproduserte Lomb-ølet over på halvflitersflasker.
Olav Grjotheim er snart klar til å tappe det første eigenproduserte Lomb-ølet over på halvflitersflasker. (Foto: Ketil Sandviken)
 - Det er her det skjer. Brygghuset er det aller mest heilage, seier Jens Niemann og Håvard Grjotheim (t.v.).
– Det er her det skjer. Brygghuset er det aller mest heilage, seier Jens Niemann og Håvard Grjotheim (t.v.). (Foto: Ketil Sandviken)
Bryggerihallen i låven på Grjotheim er 160 kvadratmeter stor.
Bryggerihallen i låven på Grjotheim er 160 kvadratmeter stor. (Foto: Ketil Sandviken)
Ola Gjeilo, Olav Grjotheim, Jens Niemann og Håvard Grjotheim ventar spent på å få fylt dei første flaskene med Lomb.
Ola Gjeilo, Olav Grjotheim, Jens Niemann og Håvard Grjotheim ventar spent på å få fylt dei første flaskene med Lomb. (Foto: Ketil Sandviken)
Fjøs og låve på Grjotheim i Lom er omgjort til ølbryggeri.
Fjøs og låve på Grjotheim i Lom er omgjort til ølbryggeri. (Foto: Ketil Sandviken)
skjermbilde-2016-11-11-kl-10-59-23
5 november 2016

Dette skal bli eit jælma godt øl (GD)

GD / Ketil Sandviken: 5. november 2016

– Vi har som målsetjing å skape eit ølspekter med så stor lokal tilknyting som mogleg, seier Ola Gjeilo, Olav Grjotheim, Jens Niemann og Håvard Grjotheim (bildet over).

Dei er i full gang med brygging på Grjotheim. Det er investert 3,3 millionar kroner i Lom bryggeri. Håvard Grjotheim har bygd om fjøs og låve og leiger ut lokale til bryggeriet. Med tida kan det bli pøbb og serveringslokale over bryggeriet. Det er også på gang ein resepsjon for mottak av grupper.

– Vi trur det skal bli jælma godt. Lett og luftig og fruktig og eit snillare øl enn mykje av det som blir produsert nå til dags, seier Olav Grjotheim og Ola Gjeilo.

Loms Knoll og Tott har opp gjennom åra gjort mange sprell. Det siste er gardsbryggeri i ombygd fjøs og låve på bruket til Grjotheim, som sonen Håvard nå eig.

Når ein lomvær seier «jælma», så er det skikkelege saker…

Brygghuset: Jens Niemann og Håvard Grjotheim på plattforma til brygghuset. I førstninga av desember skal juleølet vera klart.
Brygghuset: Jens Niemann og Håvard Grjotheim på plattforma til brygghuset. I førstninga av desember skal juleølet vera klart.

– Det manglar eit slikt element i reiselivsdestinasjonen Lom, og i løpet av sommaren er vi styrka i trua på at dette skal slå an.

Gjeilo og Grjotheim har hausta erfaring frå prøveproduksjon av Høgruteøl i Leikanger og Årdal og suksess med butikken Smak i Lom, der det blir seld eit 30-tals slag gardsøl og andre nisjeprodukt i same område som det etter kvart så vidgjetne bakeriet.

Vi nyttar lokale råvarer som einer, mjødurt og domen, to-radsbygg dyrka på Sel.

Ola Gjeilo og Olav Grjotheim

– Det har vore kolossalt god omsetnad, fortel Grjotheim.

– Mange var skeptiske da Morten Schakenda sette i gang, men det stilna fort. Lom er trafikknutepunkt og har utan tvil god klang i mat- og reiselivskretsar.

Dette vil Gjeilo gjennom sitt selskap Kvervill og Grjotheim og hans to sønner Håvard og John Arne i Ogro holding dra nytte av.

Merkevaren er Lomb, skrivemåten som vart brukt på Lom i dansketida for å markere den trykksterke konsonanten i språket. Med b-en var o-en korta ned slik at det vart nærare Låmm enn Lôm, som framande har lett for å seia.

– Vårt distrikt har lange tradisjonar med ølbrygging. På kvar ein gard vart det dyrka korn, turka og malta, og det låg stor prestisje i å lage godt øl. Vi har som målsetjing å skape eit ølspekter med så stor lokal tilknyting som mogleg, serier Gjeilo, og ramsar opp ølslaga «Eine», «Raudt» og «Kræmar», og det neste skal heite «Myrt». Men først kjem juleølet…

Skin i stål: - Klart vi er spente, seier Ola Gjeilo. Bak fr.v. bryggjar Jens Niemann, Olav og Håvard Grjotheim i den ombygde låven som nå er eit 160 kvadratmeter stort gardsbryggeri.
Skin i stål: – Klart vi er spente, seier Ola Gjeilo. Bak fr.v. bryggjar Jens Niemann, Olav og Håvard Grjotheim i den ombygde låven som nå er eit 160 kvadratmeter stort gardsbryggeri.

Da Grjotheim heldt eit kåseri på Aukrust hausten 2014, og i ei setning nemnte gardsbryggeri, viste det seg å vera ein tysk ølbryggjar i salen som vart svært interessert.

Jens Niemann frå Berlin vart fast tilsett som ølbryggjar i Lom bryggeri 15. april i fjor, og har sia budd og arbeidd på Grjotheim. Der har han prøvd ut eit 30-tals variantar i 50-liters kanner. Høgruteølet, namna etter toppturen i Jotunheimen, vart sett bort på leigeproduksjon hos Tya i Årdal.

Det var svært vellykka. 6.000 liter gjekk fort unna på turisthyttene. Så vart det martnasøl hos Balder i Leikanger til det årvisse haustblotet på Otta.

– Dette har vore gjort på bestilling, men heretter skal alt brygggjast her med Lomb som merkevarenamn.

For 14 dagar sia vart det tsjekkiskbygde brygghuset, planlagt og prosjektert av ølguruen Tadas Kanopka, installert. Dette har ein kapasitet på tusen liter, i tillegg er det ti like store gjærings- og lagringstankar, to store vasstankar, kjøletank og halvautomatisk tapperi. Med tida kan det bli utsal og pøbb og serveringslokale i glasgolv over bryggeriet.

– Realistisk for oss i første omgang er å få til ein årsproduksjon på 50.000 liter. Første brygg blir klart i førstninga av desember, «Vinternatt» skal krydre jula i Lom.

bryggeri
15 oktober 2016

Snart klart for ølbrygging

 

Fjuken / Tom Erik Solstad 15/10 2016:

Førre veke kom to semitrailerar frå Tsjekkia med øltankar, maskinar, røyr og anna utstyr til Lomb Bryggeri i Grjotheim i Lia i Lom.

– Endeleg kan vi snart starte opp! seier Olav Grjotheim.

Han er éin av gründerane bak bryggeriet i den ombygde låven i Grjotheim. Den andre gründeren er Ola Gjeilo. I 2014 fekk dei ideen om å etablere eige mikrobryggeri.

Bryggerihallen på låven i Grjotheim har eit areal på nesten 200 kvadratmeter, og produksjonen tek til så fort utstyret er montert og testkøyrd.

Om alt går etter planen kan det fyrste ølet som er produsert i bryggerihallen nytast rundt 1. desember.

14593479_10153840646890841_889743525_n
7 oktober 2016

Bryggeriet på plass

14632561_10153840645355841_128265715_oDa er bryggeriet på plass i Grjotheim og arbeidet med å montere og gjere klar til bryggjing vil bli gjort dei neste 14 dagane. 10 gjæringstankar, brygghus, vanntankar og mykje utstyr er lasta av bil frå Tsjekkia i dag. Over helga kjem det i alt seks personar frå Tsjekkia som skal stå for montering og prøving av anlegget

img_3427
14 september 2016

Domen snart skjerd

Sommaren 2016 har vi i dyrking 7 mål hjå Einar Mæhlum på Otta med det torada kornet Domen, ein kornsort som er godt eigna til malt og anbefalt av aktørar som arbeider med oppstarting av malteri i Norge.

Det blir spannande å sjå korleis dette kornet blir og om det let seg gjere å få malta kornet for brygging. Det neste blir da å forsøke seg på prosessen med å gjere dette om til søtstoff som kan omdannast til alkohol og smak og farge på ølet. Åkeren med Domen hjå Einar Mæhlum mellom Otta og Sjoa her fotografert 1-2 veker før kornet blir «skjerd».index

Sjå artikkel:  Kultursorter – hvorfor? Utarbeidet av Vestfold Bondelag i samarbeid med Biodynamisk forening og Norsk økologisk kornforening.

bygg 13434837_1199806003387203_3771192556187740502_n
4 september 2016

Brygging i oktober

Det er nå klart at bryggeriet frå Tsjekkia vil vere på plass i Grjoheim i løpet av fyrste veka i oktober. Vi vonar da å kunne  vere i full sving med brygging så snart som mogleg etter det.

1 2 3 4
Lom bryggeri
Utviklet av Visus i samarbeid med daLom AS logo