DSCN1380olav
Tapping av HØGRUTA på Tya.

Olav Gjotheim er ein av to initiativtakarar til Lom bryggeri. Olav var gardbrukar i Grjotheim til midt på 1990-talet. Da fløtte han til meir urbane strok og har lang fartstid med salg av sportsutstyr. I 2014 fløtte Olav attende til Lom og Grjotheim og starta Smak i Lom saman med Ola Gjeilo og Ola Tangvik og Hans Brimi.  Kunnskap og interesse for øl og ølproduksjon har fyrst og fremst kome frå dei to sesongane på Smak i Lom med ei formidabel interesse for og stor etterspurnad etter mikrobrygga øl.  Gjennom arbeidet i Smak i Lom er det også knytt mange kontaktar med andre som driv i denne bransja – mellom anna Kinn bryggeri i Florø, som har vore til stor hjelp med gode råd i planleggingsfasa.  Tadas Kanopka frå Kinn har da også stått ansvarleg for prosjekteringa av brygghuset gjennom sitt firma Brewservice.

Kontakt Olav: tlf. 958 44 455 / post@lomb.no