Lom bryggeri er på plass på Midt i matfatet på Hamar denne helga 16. – 18. september. Du finn Jo Jordet på stand nr. 65 saman med  andre lokale bryggeri som Små Vesen, Trysil Bryggeri og Hamars Culturelle Ølvenner. Gulating ølutsalg Hamar har også stor stand i Vikingeskipet denne helga. Det blir med andre ord tilgang til mykje god mat og drikke på Hamar denne helga.

Fredag den 16. opnar messa kl. 12 med forskjellig matrelaterte aktiviteter, mellom anna med  «Øl og fjøl» med servering av samansette menyar med tre forskjellige øl frå dei forskjellige bryggeria. Frå kl. 16.30 og utover er det «After work» med livemusikk, øl og god stemning ved utstillarområdet til Lom bryggeri.

Laurdag den 17.  opnar Midt i matfatet kl. 11. mellom anna med med ølsafari og moglegheiter til smaksprøver.

Sundag den 18.  opnar Midt i matfatet kl. 11. mellom anna med ølsafari og moglegheiter til smaksprøver.

Vi har med mange av av våre ølsortar som du kan handle med deg både fredag fram til kl. 20.00 og laurdag fram til kl. 18.00 frå Gulating ølutsalg Hamar sin pop up butikk på stand nr. 26.

Sjå meir info, utstillarliste og program på Midt i matfatet sine nettsider. og på Vikingeskipet sine sider.