Vi i Lom bryggeri arbeider på spreng for å ha tilstrekkeleg med øl til å dekkje behovet utover sommaren. Vi reknar med at det blir like populært å reise i Norge i år som i fjor og at det blir minst like stor etterspurnad etter lokalproduserte mat- og drikkvarer.  2020 var eit svært spennande år for alle og så også for oss. I løpet av dei fem somrane vi har eksistert har vi imidlertid aldri omsett så mykje som i fjor sommar og lageret vårt vart etter kvart slunkent.  Vi har derfor utvida produksjonskapsiteten vår med ytterlegare og skal gjere det vi kan for å kunne produsere tilstrekkeleg. For å gjere leveringa mest mogleg effektiv, har vi sett opp ein utkøyringsplan for sommaren (sjå under her.)

For å gjere utkjøringa mest mogleg effektiv, har vi laga ein utkøyringsplan for sommaren:
Mandagar: Langrute Bryggeriet – Lillehammer, Gausdal, Espedal, Skåbu og Vinstra
Tysdagar: Bryggeriet – Gjendesheim/Maurvangen
Onsdagar: Bryggeriet – Turtagrø, herunder Leirvassbu og Spiterstulen
Torsdagar: Bryggeriet – Grotli inkludert Sota og butikk + servering Skjåk/Bismo/Dønnfoss
Fredagar: Bryggeriet – Vågå, Otta, Rondane og Høvringen
Lom sentrum butikker og servering kan få levert kvar dag i veka med liten bil.
BESTILLING SÅ TIDLEG SOM RÅD DAGEN FØR.
Dersom det må til leveranser utanom oppsett plan, samarbeider vi med GDF som kjører:
Lillehammer – kvar dag
Grotli / Sota måndagar og torsdagar
Sjodalen måndagar og torsdagar
Bøverdalen tysdagar og fredagar
Rondane og Høvringen tysdagar
Her må kunden betale frakt sjølve.
For spørsmål eller bestilling, kontakt Olav på tlf. 95844455 eller pr. epost  [email protected]