Investeringar
Lom bryggeri produserte og selde meir enn venta:
Nye investeringar
Nyheiter Fjuken. Publisert: 18 april 2018 Hans Erik Kjosbakken
– Vi hadde eit håp og eit mål om å tappe 50.000 liter det fyrste heile driftsåret, det klarte vi i og med at resultatet vart 54.000 liter, seier Gjeilo.
Ein aldri så liten milepæl vart nådd tysdag denne veka, da tank nummer 100 av brygga til bryggmeister Jens Niemann kunne tappast.
Den største marknaden for Lomb er den lokale.
– Vi fekk stadfesta kor stort reiselivet er i området vårt da vi tok til å levere varer, fortel Gjeilo.
– Vi arbeider med å utvide dette geografisk fyrst og fremst til Sogn, Stryn og Valdres. Dessutan har øl-kjeda Gulating hatt ei stor utvikling, dei tek inn ølet vårt, og vi har produkta våre i fleire nisjebutikkar og restaurantar i Oslo-området, seier Gjeilo.
Det er registrert 277 bryggeri i Noreg nå. Interessa for øl har nærast eksplodert dei siste åra. Lom bryggeri har alt kome høgt på lista når det gjeld selde liter.
For å kunne nå eit framtidig mål om 75.000 liter i året, har bryggeriet nå investert i ein del nytt utstyr. Det er kjøpt inn to nye 2.000 liters tankar og ei ny tappeline.
– Tappelina vi har nå er for tidkrevjande å arbeide med, og vi lyt ha ein meir effektiv produksjon og tapping, fortel Gjeilo.
Nå er gjæringskapasiteten til bryggeriet oppe i 14.000 liter og tappinga blir meir automatisert. Det er investert om lag ein million kroner i nytt utstyr.
– Vi trur det er fornuftig å vera i forkant og vi har tru på at vi når målet om å produsere 75.000 liter øl i året, seier Gjeilo.
Sjølv om bryggeriet berre har ein tilsett, fortel Gjeilo at det i 2017 nok var lagt ned mellom tre og fire årsverk med arbeid i tillegg.
Bryggeriet kan ta i mot grupper som ynskjer å sjå på bryggeriet og ein har planar om å kunne ta i bruk bryggeributikk i fyrste etasje i løpet av komande sesong. Det er òg lagt til rette for bryggeripub.