Får att båsen sin på ein øltank
GD / Ketil Sandviken 07. november 2016:
Det skal syne at det har vore gardsdrift med mjølkeproduksjon i det nye bryggeriet på Grjotheim.
– Eg synest det er litt viktig å ha med seg at dette har vore eit tradisjonelt gardsbruk med mjølkeproduksjon, seier Olav Grjotheim.
Allergisjokk
Allergisjokk i 1989 gjorde at han etter kvart måtte gje opp kustellet i 1992. I mellomtida hadde han og Jon Gjeilo starta butikken Fjell og Fritid i 1990, og i 1993 tok Reidar Marstein i bruk driftsbygningen til møbelproduksjon. Da Dølamøbler etter ti år ga seg i 2013 vart det stillstand eit par år til sonen Håvard Grjotheim kjøpte att hus og tun.
1. juni 2015 begynte utryddinga i låven og halvtanna år seinare er det klart for ølproduksjon.
5000 timar dugnad
– Vi har fått så mykje hjelp av familie og venner. Det har vore så mykje dugnad at det er heilt utruleg, heile fem tusen timar utanom snikkar og lønna arbeidskraft.
Grjotheim førtel at øltankane i låven er plassert rett over der kubåsane var i fjøset, og til minne om tidlegare mjølkeproduksjon skal dei namnsetjast etter kyr på garden: Staslin, Litago, Rosa…
Gnr 78, brnr 3
– Eg har også planer om å lage ei søyle i bryggeriet der det går fram at dette er gardsnummer 78, bruksnummer 3 og produksjonsnummer 328, fortel Grjotheim.
Det blir lagt opp til at grupper kan koma og sjå på korleis brygginga av Lomb-ølet foregår.