Grüne Woche
Lom bryggeri er representert med EINE og RAUDT på Norske Akevitters Venner sin del av den Norske standen under Grüne Woche i Berlin 19. – 28. januar. For sjuande året på rad, er Skjåkværen Lars Ole Ørjasæter ansvarleg for alle drikkevarene og drift av akevittbaren på den norske standen på Internationale Grüne Woche i Berlin.
– Dette er litt av bakgrunnen for at det både er restaurant og akevittbar på den norske standen på Internationale Grüne Woche. Restauranten serverer mat i hovudsak basert på råvarer frå utstillarane og i akevittbaren finn ein óg lokalt øl, sider og eplemost, seier Ørjasæter til Fjuken.
Ørjasæter fortel at det i år blir sett ny rekord i akevittbaren – både når det gjeld talet på produsentar og talet på drikkevariantar. Heile 16 bryggeri er representert med 36 forskjellige øl. To av bryggeria er lokale; Lomb og Hubertus. På den sterkare sida har han med varer frå ni brenneri og brennevinsprodusentar, i all hovudsak akevitt.
Fjuken sitt oppslag Foto frå Fjuken/privat.