Lom bryggeri er eigd av Ogro Holding SA, Kvervill as og Varde investeringslaug  med produksjonslokale i driftsbygninga til Håvard Grjotheim i Liavegen 367 i Lia i Lom. Det er installert eit tsjekkiskbygt brygghus med ein kapasitet på 1000 liter. I alt har vi nå ca 70000 liter tilgjengeleg gjæringgskapasitet.   Håvard eig og leiger ut lokala til bryggeriet. Ogro er i tillegg til deleigar av bryggeriet ansvarlege for bryggeributikken og bryggeripuben.

Våre ølsortar er i salg på servering og butikk rundt omkring i heile landet. Om distribusjon sjå her.  Epost: [email protected] Telefon: Rolv Gjeilo: 908 95 618  eller Olav Grjotheim: 958 44 455
John Are Grjotheim (bildet) tek seg nå  av brygginga saman med Jo Jordet og har full kontroll på all elektronikk og tekniske installasjonar. John Are har vore med å byggje opp anlegget vårt frå starten av og vore involvert i alle delar av produksjonen frå starten av i 2016. Tlf. 959 06 090  [email protected]
Jo Jordet starta i lære i bryggeriet august 2021 og bryggjar nå på heiltid saman med John Are. Tlf. 474 63 125  [email protected]
Rolv Gjeilo er dagleg leiar i Lom bryggeri og arbeider med administrasjon, salg, logistikk og ellers det meste av arbeidsoppgåver som måtte dukke opp på eit bryggeri. Tlf. 908 95 618  [email protected]
Olav Grjotheim tek seg av salg og kundekontakt. I tillegg er det full sving når det gjeld gris, bryggeributikk- og pub og ølsmakingar. Tlf. 958 44 455  [email protected]
Ola Gjeilo tek seg av vedlikehald av det grafiske i samarbeid med Synne Gjeilo og er svært delaktig i utviklinga av dei forskjellige ølsortane. Ola  skaffar til veges alt som skal til av lokale ingrediensar. Tlf. 971 69 557  [email protected]
Håvard er huseigar og står ansvarleg for bygningsmassen. I tillegg tek han seg av mykje av tappearbeidet i bryggeriet.  Håvard har også vore involvert i mykje av oppbygginga av bryggeriet. Tlf. 917 85 105