Nytt tappeanlegg og meir lagringskapasitet
Installering av nytt tappeanlegg og to nye 2000 liters gjæringstankar er da gjennomført. Ikkje minst er tappeanlegget lenge etterlengta. Vi har til nå tappa på eit manuelt anlegg som har medført mykje arbeid. Det har vore tappa over 100000 flasker på dette både i 2017 og 2018. Dei to nye gjæringstankane set oss i stand til å kunne produsere vesentleg fleire liter øl i året.