MJØDURT og FJELLKVANN på flaske
29/5 tappa vi to batchar med spesialøl basert på lokale urtar.
Meir om lokal tilknyting
Batch #106 er krydra med fjellkvann. FJELLKVANN er ein myrk/amber lager som også er tappa som spesialøl for Spiterstulen. Fjellkvann er ein av tre kvannsortar i landet; fjellkvann, strandkvann og Vossakvann. Dette er ein bittersøt og aromatisk urt som i lange tider har vore ei viktig krydder- og medisinplante. FJELLKVANN (kvanne, kvannegras, erkeengelurt) veks høgt til fjells. Etter sagaen var kvann beskytta ved lov på Island for meir enn tusen år sidan. Fjellkvann er næringsrik og brukt både som medisin og som kosttilskot og krydder i mat og drikke. I løpet av sommaren vil vi sikre oss stilkar av kvann til fleire brygg.
Batch #105 er krydra med mjødurt, som er meir utbredt i vårt område enn dei fleste kanskje er klar over. Vi tappa fyrste batch med MJØDURT 29/5 2018 etter å ha laga to små prøvebatchar. Mjødurt-ølet er også tappa som BERGTATT – museumsøl for Norsk fjellsenter i høve den nye utstillinga som opna i juni 2018.
Mjødurt har stor plass i kulturhistorien som ei duftande plante. Ved tørking avgjev planta ein sterk duft som minner om nyslått høy. Tidlegare var det på høgtidsdagar vanleg å strø golvet med opphakka mjødurt på grunn av den gode lufta. Tidligere har mjudurten vore brukt til å gni inn trefat og kar som det skulle bryggjast mjød i. Planta har også vore brukt som øl-, vin- og brennevinskrydder. Vi har sikra oss eit parti mjødurt plukka i Lom og Skjåk som er tørka på Nordgard Aukrust og ny forsyning blir innhausta i sommar.