BJØRK

Eit ljost og frisk øl bryggja på ljos malt, krydra med konsentrat av ferske bjørkeskot. Skota gjev ein søtare smak enn ferdig utspungne blad. Alk. 4,7% vol.

Bjørkelauv, eller te av lauv, har vore nytta mot ymse sjukdomar. Mot gikt vart senga fyllt med friske bjørkelauv. Bjørkeris vart lagt på golvet mot lopper og lus og brukt i badstua for å auke blodsirkulasjonen. Avkok av bjørkeblad kan brukast som velduftande innslag i badevatnet og til farging av garn.

Innhald: Vatn, byggmalt, kveitemalt, humle, konsentrat av bjørkeskot og gjær. Alk. 4,7 % vol.

 

 

LJOST  MOR ÅSE   MJØDURT   SKJAAK   SKEI   BJØRK  KVEITE  HØGRUTA   VAGLE   4-KORN   EINE   DØL  FJELLKVANN   JO GJENDE   PEER GYNT    2469   RAUDT   VINTERNATT   MYRT   FEST   LJOST 6,5%   FEST 6,5%   VINTERNATT 6,5%  Last ned oversikt norsk  Download overview beers in English   Distribusjon