Fyrste tapping på låven
Da har vi lagt bak oss fyrste tapping på «storanlegget» på låven i Grjotheim. Spesialøl som naturleg nok har fått namnet LOMB NR. 1 Heilt knirkefritt gjekk det ikkje, men vi kunne trille på lager ca 700 liter/1400 flasker som vil gå ut på marknaden (ma. Smak i Lom) ein av dei fyrste dagane.
Neste veke blir m.a. VINTERNATT tappa. Dette er eit lagerøl tilpassa kalde og mørke vinterkveldar med djup raudfarge med smak av karamell og krydder. Ein mørk, krydra og fyldig vintervarmar som høver godt til jul og vinter.
Det blir nok mange – lange tappedagar i Grjotheim framover.