Vårt distrikt har lange tradisjonar med ølbrygging. På kvar ein gard vart det dyrka korn, turka og malta og det låg stor prestisje i å lage godt øl. Vi i Lom bryggeri har som målsetjing å skape eit ølspekter med så stor lokal tilknytning som mogleg.

14269324_10153772467095841_2066922302_nVi har alt kome langt i utviklinga av vårt EINE-øl, som i den grad vi har presentert det har fått svært gode attendemeldingar.  EINE er eit undergjæra lagerøl laga etter gamle oppskrifter med bruk av eine, som gjev ølet ein naturleg bitter smak. Einen er brukt som smakstilsetjing i mat, øl og brennevin og har i tillegg ein reinsande eigenskap.

bjc3b8rkBJØRK har det vore eitt prøvebrygg av. Dette er eit undergjæra, ljost og friskt øl med den karakteristiske, ferske smaken av unge bjørkeblader.

Vi  forskar vidare ut bruk av krekling. Kreklingen finst høgt til fjells og har vore brukt til leging av ymsle slag sjukdomar.

 

bilde 2 liteMjødurten er meir utbredt i vårt område enn dei fleste kanskje er klar over. MJØDURT kan bli eitt av våre øl, og Jens har gjort prøvebrygg med ferske urter. Mjødurt har stor plass i kulturhistorien som ei duftande plante. Ved tørking avgjev plantaen sterk duft som minner om nyslått høy. Tidlegare var det på høgtidsdagar vanleg å strø golvet med opphakka mjødurt på grunn av den gode lufta. Tidligere har mjudurten vore brukt til å gni inn trefat og kar som det skulle bryggjast  mjød i. Planta har også vore brukt som øl-, vin- og brennevinskrydder. Vi har sikra oss eit parti mjødurt plukka i Lom og Skjåk som er tørka på Nordgard Aukrust.

Vi har ambisjonar om å kunne bruke malt av bygg frå Ottadalen. Vi har funne fram til nokre produsentar som har korn med høveleg proteininnhald og har i vår hatt 600 kg til tørk i den flotte tørrstuggu som Mads Vole har bygt opp att på Galdesand.
20160427-_OVE8361-Fb2048p mindre 20160427-_OVE8348-Fb2048p mindre 20160427-_OVE8332-Fb2048p mindre 20160427-_OVE8328-Fb2048p mindre 20160427-_OVE8323-Fb2048p mindre

IMG_3270 liteSommaren 2016 har vi i dyrking 7 mål hjå Einar Mæhlum på Otta med det torada kornet Domen, ein kornsort som er godt eigna til malt og anbefalt av aktørar som arbeider med oppstarting av malteri i Norge. Det blir spannande å sjå korleis dette kornet blir og om det let seg gjere å få malta kornet for brygging. Det neste blir da å forsøke seg på prosessen med å gjere dette om til søtstoff som kan omdannast til alkohol og smak og farge på ølet.

img_3427
Åkeren med Domen hjå Einar Mæhlum mellom Otta og Sjoa fotografert 1-2 veker før kornet blir «skjerd».

img_3436 img_3439
Tresking av domen.

 

 

 

Tradisjonar med brygging. Foto tørrstugu: Ove Nestvold.
Kjelde: www.rolv.no