storstabbur002

LOM OG GUDBRANDSDALEN har lange tradisjonar med ølbrygging. Det beste kornet vart brukt til brygginga, og prosessen frå malting til ferdig øl vart utførd med stor flid. Det låg mykje prestisje i å servere godt øl. I tillegg til korn har humla vore ein viktig ingrediens så langt attende som på 1200-talet. Også eine, bork og forskjellige urter var brukte som smakstilsetjing. Gjæren frå botnen av rostekaret vart teken vare på i halmringar frå gong til gong.

Korndyrkinga har i alle tider vore vesentleg for eksistensen i bygda. Storstabburet vart bygt tidleg på 1600-talet for å samle korn som skatt til kyrkja

The_Brewer_designed_and_engraved_in_the_Sixteenth._Century_by_J_Amman
Eit bryggeri i det 16. århundre. Wikipedia.

Lom er av dei turraste stadene i landet. Vatnet vart derfor ført i vassvegar frå fjellet slik at det vart mogleg å drive landbruk og dyrke korn. “Gjev Vårherre sol, ska’ oss sjølve skaffe væte” var det sagt.  Lokale ingrediensar..