Lom bryggeri er eigd av Ogro Holding SA (Olav Grjotheim, John Are Grjotheim, Håvard Grjotheim) og Kvervill as (Ola Gjeilo) med produksjonslokale i driftsbygninga til Håvard Grjotheim i Liavegen 367 i Lia i Lom. Det er installert eit tsjekkiskbygt brygghus med ein kapasitet på 1000 liter. I alt har vi ha 10 stk. gjærings- lagringstankar på 1000 liter og 2 stk. på 2000 liter.  Håvard eig og leiger ut lokala til bryggeriet.

Våre ølsortar er i salg på servering og butikk rundt omkring i heile landet. Vi distibuerer direkte ut til Gulatingbutikkar rundt omkring i landet og ellers til spesialbutikkar. Spesialgrossisten har ellers med seg våre ølsortar rundt omkring til sine kontaktar (Telefon: 91 34 21 60).Ta gjerne kontakt dersom det er ynskje å selje våre produkt i butikk eller servering
epost: post@lomb.no eller telefon Olav: 958 44 455

Lomb var skrivemåten på Lom brukt i dansketida for å markere den trykksterke siste konsonanten i språket. Dette var brukt av danske og danskeskrivande embetsmenn utover på 1500-talet og fram til landsmålet/nynorsken kom på 1800-talet. Lomb poståpneri, i Lomb prestegjeld vart oppretta ved Kgl. res. i 1851, men vart endra til Lom postopneri berre eit par år seinare. Dei danskspråklege prestane og andre embetsmenn skreiv det slik dei oppfatta uttala til bygdafolket.  Med b-en vart o-en stutta ned slik at det vart nærare Låmm enn Loom, som mange seier i dag.
lomb fane2011 620Thomas V. Berg frå Otta har vore tilsatt i Lom bryggeri i delstilling frå sommaren 2018 og har frå februar 2019 teke over stafettpinnen som vår bryggjar.  Thomas har ei imponeranda merittliste med brygg i eigen kjellar og har siste halvår 2018 vore høgre hånda til Jens for å kunne ta over og vidareføre våre forskjellige ølsortar på ein best mogleg måte.  I tillegg har Thomas mange tankar og idear om utvikling av nye ølsortar.

Olav Gjotheim er ein av to initiativtakarar til Lom bryggeri. Olav var gardbrukar i Grjotheim til midt på 1990-talet. Da fløtte han til meir urbane strok og har lang fartstid med salg av sportsutstyr. I 2014 fløtte Olav attende til Lom og Grjotheim og starta Smak i Lom saman med Ola Gjeilo og Ola Tangvik og Hans Brimi.  Kunnskap og interesse for øl og ølproduksjon har fyrst og fremst kome frå dei to sesongane på Smak i Lom med ei formidabel interesse for og stor etterspurnad etter mikrobrygga øl.  Gjennom arbeidet i Smak i Lom er det også knytt mange kontaktar med andre som driv i denne bransja – mellom anna Kinn bryggeri i Florø, som har vore til stor hjelp med gode råd i planleggingsfasa.  Olav er ein dreven seljar, som kjem godt med i arbeidet med bryggeriet. Han tek seg også av dei aller fleste ølsmakingane og historieforteljingane.


Ola Gjeilo er den andre bak Lom bryggeri. Ola har vore aktiv med hobby/ kjellarbrygging i mange år. Etter at ungdomskamerat Grjotheim vendte attende til heimbygda etter 20 år i Oslo, vart det satsing på Smak i Lom og dermed mykje kontakt med mikrobryggeribransjen. Ola har arbeidd med reklame og trykksaker sidan 1991 i firmaet Visus. Han er aktiv i skog og mark på jakt etter urter og bær som blir nytta i ølbrygginga.

John Are Grjotheim er bryggeriet sin altmoglegmann og kan ta seg av dei fleste prosessane frå brygging til reparasjonar av alle slag.
Håvard Grjotheim eig og står for utbygginga av driftsbygninga som er ombygt frå låve til bryggeri. Håvard er også svært involvert i mykje av arbeidet med brygging og tapping.